Hopp til innhold

Basic FjordSafari & vandretur til geitestølen Leim

Dato: Tirsdag 4 aug 2020 - søndag 30 aug 2020 Vis kart

Eit stølseventyr med geiter, ost og lunsj!

Turen startar med Basic FjordSafari, som går inn i hjarta av Nærøyfjorden med den storslegne Sagfossen. Me vender attende på andre sida av fjorden. I Aurlandsfjorden legg me til brygga i Skjerdal. Der startar fotturen opp til geitestølen Leim.
Frå brygga går stien opp til bilvegen/gamlevegen som me føljer med flott utsyn over fjorden opp til Skjerdal gardstun. Vidare er det gardsveg opp til målet, stølen Leim. Det er flotte fossefall å beundra undervegs.
På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast lunsj ute på terrassen med ostesmaking til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me tek turen ned igjen og returnerar til Flåm med bil.

Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Krevst ingen forkunnskapar av deltakarane, men bør ha god fysisk form for å gå opp bakkane. Passar for dei som ynskjer ein aktiv tur og ei anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360 meter over havet.

Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med om det er varmt.

Turen går dagleg, utan mandagar.
Stølen er åpen frå 1 juli til 31 august.
Turen er også tilgjengelig frå 1 juni med medbrakt lokalmat og ost frå stølen.

Vis mer

Bestill nå

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

  • Avgang fra
    Flåm
  • Pris fra
    1550 NOK
  • Prisinformasjon
    per person
Hotell

Fretheim Hotel

Avstand: 128 meter
Sentralt i Flåm, innerst i Sognefjorden, finner du eventyrlige vakre Fretheim Hotel. Det spøker alltid på historiske hotell, så Fretheim Hotel har mer å by på enn overnatting!
Bo

Hotel Aurlandsfjord

Avstand: 6,4 km
Hotel Aurlandsfjord er et avslappet fjordhotel i Aurland, et sentralt knutepunkt i Unesco verdsarvpark når du skal oppleve de forskjellige attraksjonene og aktivitetene i Flåm regionen. Kort avstand til fjord cruise på Nærøyfjorden eller til buss som tar deg til Stegastein Utsiktspunkt og Flåmsbana.
Pensjonat

Heimly Pensjonat

Avstand: 174 meter
Heimly er et sjarmerende pensjonat, med enkel standard og fantastisk utsikt.Dette sjarmerende pensjonatet har 20 rom, en fredelig hage, TV-stue og et frokostrom med utsikt over fjorden. Passer for familier og de som reiser...
Build: 06.08.2020 22:43:14, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-6490.cbischannel-526.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails