Opplev heile Nærøyfjorden Verdsarvområde kombinert med ostesmaking i geitebygda Undredal!
Denne turen går tur/retur Flåm – Gudvangen og gir deg eit unikt innsyn i bygdene og livet langs det særeigne fjordenlandskapet. Våre engasjerte guidar deler historiar og segner frå verdsarvsområdet, samstundes som me speidar etter sel, nise og ørn i både Aurlands- og Nærøyfjorden!
På veg attende til Flåm stoggar me i den unike fjordbygda Undredal, som er verdskjende for sin smaksrike og prisløna geitost. Her møter me vår lokale vert som fortel om geitosten og tradisjonar rundt emnet, og me får smaka ulike lokale ostevariantar med noko attåt.
Finn du din favoritt er det mogleg å kjøpa med seg ost frå Undredal.
Klær:
Langbukse og langerma gensar anbefalast med mindre det er ein veldig varm dag. Lukka sko, ikkje åpne sandalar. Grunna dei nye smittevern tiltaka for å hindre spreiing av COVID-19, oppmodnar me til å ha med eigne luer, vottar, buff og skibriller.
Alle aldrar velkomne!
VARIGHEIT: 3 timar
INNSJEKK: 20 min før avgang i FjordSafari Resepsjon, Flåm indre hamn
PRIS: Voksen: NOK 1050, - Barn: NOK 800,-
BOOKING STENGER: 20 MIN FØR
KANSELLERINGSFRIST: 72 timar før avgang